- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
382

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

382

DEN BURTKOA1NE FADEREN

det hev set, er dei leide av Leikune sine. Men endaa
maa dei rive deim sund. Og so er det med oss. Det
nyttar korkje Baal eller Bann: Galilæi maa rekne og
mæle.

Kor det daa gjeng med Trui ?

Den Verdi som er granskar me ut. Det som du
kallar Tru, det hev berre med den Verdi aa gjera som
me skal skapa."

XXXVIII.

„Daarane spyrr kvifor dei er til, og Dagtjuvane vil
vita Meiningi med Live. Men ingin fær Svar utan
den som spyrr rett; og den spyrr rett som segjer:
korleis skal eg faa Meining i mitt Liv.

Daa svarar den gamle Visdomen — for den nye
hev her korkje Spursmaal eller Svar: dette er det
Arbeid som er Live verdt og løner Møda med aa liva:
at du arbeider fram det nye Menneskje i deg.

I Verdi er du ufri. Verdi er Mannheimen tekin
som Naturrike. Det verdslege Menneskje er det høgste
Dyr. Men liksom Steinheimen sistpaa bér fram ein
Vokstrheim, soleis hev det høgste Dyr arbeidt seg upp
ein Vilje, som sistpaa føder ein Aandsheim, eit
Fri-doms-Rike.

Der er me løyste fraa den blinde Lov. Der set
Viljen seg sjølv si Lov og vert soleis fri; og finn me
vaar sanne Lov, so finn me Live.

Difor segjer Sanningi: den vinn Live som gjer Guds
Vilje. Me byggjer det gode i oss, naar me gjer det
gode ikring oss. Med daglege Sigervinningar yvi
Naturen i oss arbeider me fram Aandsmenneskje i
oss, det som hev sitt Liv i seg sjølv og dermed den
Voni som ikkje ræddast Dauden."

Segjer Bror min. Eg svarar:

„Ingin tvilar um Meining i sitt Liv, so lengi han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0394.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free