- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
385

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DEN BURTKOMNE FADEREN 385

„Visdom talar du, min Bror Sant Paal," segjer eg;
„men du gløymer det andre Live."

„Alt som er sagt um det andre Live er myrk Tale
og Bilæte som me ikkje kann gjera oss nokon Tanke
um. Men Voni hev me, alle som gjer det gode."

„Men dei som gjer det vonde?"

„Dei døyr den andre Dauden og skal som Ugras og
Avfall bli utkasta eller uppbrende."

„I den ævelege Eld."

„Elden er æveleg, men knapt Avfalle."

Han tagnar. Um eit Bil segjer han:

„Men vil nokon gjera det gode for eit anna Liv
Skuld, han daarar seg. Tenar me for Løn, so fær me
ingi Løn; for Domaren vaar, han som sit her inne, og
som ikkje lét seg lure paa Lengdi, han veit, at hadde
det kje vori for Løni, eller Straffi, so hadde ein slik
Tenar heller gjort det vonde.

Berre ei Løn hev me trygg: Livsmeining, Livsglede,
Sjælefred." Han smiler og ser paa meg: „du tykjer
det er lite?"

„Mange fær du ikkje med deg," segjer eg.

„Ingin," svarar han, „utan dei som arbeider og er
mødde, og som illtrivst i Verdi og hev det vondt. Men
andre er det ikkje som treng Meistaren heller."

XL.

Farvel, Tarald, du gamle Krok. Framfødd er du no,
og heime for ollo.

Roleg og rein som eit Barn ligg han der under
Likblæja. Lite nauvar det no um han sleit vondt i
niti Aar. Og eg misunner han, at han hev klara den
siste Kneiken.

Soleis skal Menneskje døy. Han sovna av ein Gong
i Natt, og ingin visste um det. Han hev sjølv ikkje
visst um det.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0397.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free