- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
386

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

386

DEN BURTKOA1NE FADEREN

Eg slepp ikkje so lett. For den som ikkje hev livt
so, fær heller ikkje døy so. Men det maa koma som
det kann. Eg veit at eg stend det yvi.

Kven vil daa klaga. Alt jamnar seg og vert stiilt.
„En liden Stund det varer ved, saa haver min Elende
en god Ende," syng dei her. Vonde var dei med
Menneskja, dei som dikta den tunge Draumen um eit
anna Liv; og hata gjer eg hin Skalden som vekte i
Verdi denne sjuke Tvil: men hev den Svevnen Draumar?

Eg hev ikkje havt det godt i Verdi, og godt fær eg
det ikkje. Men var der eit anna Liv, so fekk eg det
verre der. For der varer det æveleg. Og alltid det
same; alltid godt, eller alltid vondt. Di er det mi
Von og Tru, at um alt anna i Verdi lyg, so er daa
Dauden det han gjev seg ut for.

Sæl helsar eg deg, gamle Felage som hev stridt
ut; og snart kjem eg etter.

XLI.

Brev fraa Syster Bø: Einar hev godt Mod paa Hove.
Og Far hans vil gjerne hjelpe til, um dette kunde
laga seg.

Eg hadde mest gløymt denne Tanken. Men Breve
hev kveikt meg upp. Höve-Ætti kann vel enno slaa
Rot att.

Han som sit paa Garden vaar no eldest. Og Borni
hans tenkjer nok minst paa aa bli Bøndar i
Aase-Sokni. Den Dagen vil daa koma daa Hove vert falt.

Eg helselause Mann tek til aa drøyme. Med Paal
til Gardsstyrar og Einar til Erving, — eg sette meg
inn for Garden med ein Gong. Daa hadde eg baade
sjølv naatt heim og berga Hove for Ætti.

Kann dette laga seg, so vil eg segja at ikkje eg
heller hev vori til for inginting.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0398.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free