Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DEN BURTKOMNE FADEREN 389
glad for han kom; „det er ikkje berre godt," lét eg
um, „aa vera so aaleine som eg no er vortin." Han
saag paa meg: „bryr du deg um mitt Lag, so skal eg
sjaa inn-um so ofte eg kann." „Det skal visst ikkje
vera meg imot," svara eg; „Takk skal du hava, um
du so gjer."
Me rødde um Helsa mi; han spurde um det ikkje
var betre med meg i det heile no enn det hev vori.
Eg sagde mi Meining um det, og fortalde at eg hadde
vori hjaa Lensmannen. „Best at alt er greidt, kor lite
det er," meinte eg; „so er ein trygg, koss det so vil
gange." Sidan nemnde eg Breve fraa Syster Bø og
gav han ei Vitring um dei Tankane ho gjeng med.
„Det er ikkje høgt med Hövefolke paa Sverdsida no,"
sagde eg; „men paa Rokkesida veks det til att; eg
undrast paa kva du vilde segja, um det ein Gong kom
ein ny Einar paa Hove?"
Paal smilte. „Du maa tru eg hev nok drøymt um
det," sagde han. „Men den Ungdomen som no veks
upp er heller for lite enn for mykje glad i Jordi; so
me skal ikkje vente meir enn me ser. Alen det kann
eg segja, at kom Einar Bø til Hove, so skulde eg meir
enn gjerne vera Dreng hjaa han."
Me rødde lengi um dette. Og kom godt til Lags;
heim lengtar me nok baae. Eg slutta med, at um dette
kunde laga seg, so vart der endaa som ei Meining i
dette fortumla Live mitt. „Det er som stundom naar
ein sit og les: ein finn ikkje Meining i Setningen fyrr
ein kjem til ut-imot Punktum. Men vert der Meining
daa, so fær ein endaa vera fornøgd." „Der kann vera
noko i det," sagde Paal og smilte.
Me skildest „paa snart Attersyn" ; og eg hev sovi
rolegt i Natt.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>