Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
390
DEN BURTKOA1NE FADEREN
XLIV.
Han var her med ein Potteblom, eit lite fint ungt
Tre; det hev alt Knuppar og sprett snart.
„Dette," segjer han, „hev eg tigga meg til; og du
skal ha det til aa sjaa paa no, daa det tek til aa vaarast.
Men du skal sjaa vel paa det.
Veit du kva Mystik er? Naar du ser paa slik ein
Blom, og ser at han veks, so ser du det mystiske.
Ser du? I den vesle Krusi er der ein Neve svart
Jord. Av den Neven svart Jord lagar denne Vokstren
det du her ser: Rot, Legg, Grein, Kvist; so Blad og
Knupp; so Blomar og Frukti. Men alt ihop og kvar
serskild Ting so forunderleg gjenomtenkt og gjenomført.
Alt ihop og kvar serskild Ting i Formir so fine, at ingin
Kunstnar kunde finne paa slikt, og med Litir so
utsøkte, at vaare største Maalarar med all sin Teknik og
alle sine Fargar ikkje kann gjera det etter. Alt dette fær
slik ein Vokstr fram av ein Neve svart Mold. Or den
Moldklumpen reint ut strøymer det fram med Formir og
Fargar og utenkt Fagerdom. Det er som Blomen hadde
Røtane sine i Æveheimen, inne i Guds Skarpardraum;
soleis vell det og strøymer med Liv og Venleik.
Og dette er ikkje noko som hev hotta til og hendt
ein Gong i Verdi av eit Horve Høve. Og ikkje berre
denne Vokstren hev slumpa til aa faa slik ei
Løyn-doms Kraft. Kvar Aar hender det, og Millionar
Vokstrar kann Kunsten. Og kvar hev sin Maate; kvar
hev sine Litir og Lag, alle gjenomtenkte med den finaste
Kunst, og alle gjenomførde og fasthaldne so klaart og
so strengt, liksom kvar Vokstr hadde Teikningar aa
gaa etter. Men endaa aldri tvo likt.
Ja, sjaa paa dette; og tenk deg inn i det Avgrunns
Djup av Gaate som opnar seg berre i slik ein litin
Blom. Og høyr etter, um denne Blomen ikkje skulde
ha noko aa segja deg!"
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>