- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
394

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

394

DEN BURTKOA1NE FADEREN

Han stod fram-ved Glase og saag paa Blomen, som
sprett so vent. „Seg meg," spurde han, „hev Blomen
sagt deg noko?"

„Verdi hev Sjæl, segjer Blomen til meg."
„Det er det han segjer til meg au. Det er eit stort
Ord!"

XLVIII.

„Einvaldsherre var den gamle Gud, med strenge
Krav, for si Skuld. For si Skuld kravde han Lydnad
og Ære. Og fekk han ikkje sin Rett vart han harm;
og med Blod laut dei blidke den hemnfuse.

Men Meistaren lærde oss ein Gud som krev Lydnad
for vaar Skuld. Og syrgjer naar me syndar. For
vaar Skuld. Men vender me oss burt fraa Synd og
Sjølv-øyding, so vert han glad og gløymer alt. Og det
spyrst ikkje etter Blot og Soningsblod; sjølv slagter han
Gjødkalven; Høgtid held han for Syndaren som snudde.

Med denne Læra løyste Meistaren Verdi ut or ei
lang Blodrædsle. Men Verdi lét seg ikkje løyse. Den
glade Helsing at Gud var Faderen, vart gjort til eit
Krav. Trur du kje at Gud er Faderen, so kastar han
deg paa Elden! Og aldri hev det vori meir Rædsle
millom oss og Gud enn det no er.

Du segjer du finn ikkje Faderen. Det trur eg vel.
Den gamle Blotguden er i deg. Inst inne i din eigin
Hjarte-Angest sit han, sveipt i den som i ei svart Sky.

Men tok du Mod til deg og sagde til Skyi: eg for
villt; men no vil eg gjera ditt Verk; lat meg vera som
ein av dine Arbeidsfolk, — so fekk du sjaa. Kann
hende var det Faderen!"

„Eg er ikkje høgtidsklædd," svara eg.

„Ja den nye Hügen maa til," svara han, „den heile
og den reine."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0406.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free