- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
400

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

400 DEN BURTKOA1NE FADEREN

(Etterskrift.)

I den Dagboki som det meste av dette er plukka ut or eller
tilstellt etter, kjem det til Slutt ei Etterskrift med ei framand
Hand ; ho lyder so :

„Ein Vaardag var det so klaart og vent; Gunnar klædde seg
og gjekk ut; for han sagde: det skal gjera meg godt for min
Hovdaverk. Og naar eg fær drikke Sol og Luft, so vert eg
snart god att.

Det ser ut til at han hev vilja stavre seg upp aa Bakken
der Varden stend. Men han kom ikkje so langt. Noko etter
midveges hev han sigi ned. Og han hev kje vunni seg upp
att. Daa han vart funnin og innbörin, sansa han seg ikkje.
Natti etter døydde han.

Fred med ditt Støv."

*



Han fekk liggje i den Kraai han hadde sét seg ut. Paa
Gravbakken vart dette songi:

Her vil eg kvile fraa Storm og Strid,
kvile fraa Sut og Ankar,
sova i Ro til Herrens Tid
trygg for dei rædde Tankar.
Ende ho hev, den Vandring lang;
legg meg stillt i Jordi sitt Fang!
God som ei Mor ho gøymer
Barne som svevnsælt drøymer.

Legg meg stillt i den djupe Grav!
Mild ho den mødde fagnar.
Alt eg synda i Livsens Kav,
her det stilnar og tagnar.
Heilag legg seg um Gravi ned
Soning sæle og Minne-Fred.
Den som eg verst hev valde,
tilgjev meg fyrst av alle.

Herren høgste som fadergod
Live meg gav aa stride,
vel han visste og djupt forstod
alt eg i Synd laut lide.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0412.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free