Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
410
HEIMKOAIIN SON
Modig var eg ikkje. Men sistpaa vaaga eg
Freistnaden. Og smaatt um Senn tok det til aa ljosne.
Ein Dag skyna eg at eg var paa rett Veg, paa Vegen
heim til Faderen.
Alt snudde seg. Tilvære vart Broderheim og
Gudsrike; Meining vart der i Live; og di mindre eg tenkte
paa Syndi, di meir Hug fekk eg til det gode. Men
naar eg synda, som eg enno gjerer, kor vel eg kjenner
at det gode er best, so fær eg Tilgjeving so sant som
eg sjølv tilgjev.
Det er Viljen det gjeld um. Gjev Gud ditt Hjarta,
so vert hans Vilje din; og daa er du i hans Rike.
Tekst: Lat dykkar Ljos skine for Folk, so dei ser
dykkar gode Gjerningar og priser Faderen som er i
Him-lom.
■— -— Live vaart skal vera som det kveikte Ljose.
Det skin, av di det ikkje anna kann; du gjer det gode
drivin av din inste Hug; det er Ljose som rolegt og
stiilt brenn i sin Stake.
Eit kveikt Ljos, det er Ljos alligjenom og noko reint
anna enn den Utanpaa-Gliming som Farisæarar kann
brikje med. Og ved aa gjera det gode forkynner du det.
Forkynner det paa beste Vis; det gode som vert sagt oss
kann me tru ; det gode me ser gjort kann ine ikkje tvila paa.
Og den som ser gode Gjerningar priser Faderen, og
fær kannhende sjølv Hug til aa gjera det gode.
Elles skal me vera som Folk flest. Fastar me, so
tarv ingin hava Greide paa det; vaar eigi Upptukting
er vaar eigi Sak; lat andre likso godt tru at me held
Høgtid.
Den smale Vegen skal me gange: fara fram utan
Braak og taka Verdi som ho kjem. Han som ser i
Løyndom vil løne oss i Synom; paa Lengdi vil det vise
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>