Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
412
HEIMKOAIIN SON
Djupt saag Meistaren her. Og sjølv gjekk han den
Vegen han viste. Me skal fylgje Meistaren. Og um
Vegen er tung skal me gange han viljugt. Og beda
som han bad: ikkje min Vilje, men din. Kvar som
bed den Bøni rett fær meir enn han skynar; og roleg
°g trygg gjeng han fram med Krossen sin paa Rygg,
um det so skal bera til Golgata.
Hata, viljugt ofre, det ein heng fast ved, det er
Vegen til Sjælefridom.
Tekst: Fylg meg!
–Det er Tollmannen Levi, Meistaren talar til.
Og han segjer berre: fylg.
Men Levi skynar kven han hev for seg. Og hans
Tollmanns-Samvit hev sagt han, at han treng ein
Vegvisar som denne, um han skal naa Gudsrike. Han
segjer daa ikkje eit Ord; stend berre upp og fylgjer.
Det er ikkje mange som tek det so.
Bed Meistaren oss fylgje, so høyrer me ikkje. Men
hender det at me høyrer, so svarar me.
Nei, Meistar, segjer me, fylgje deg kann me ikkje.
Men det tarv me ikkje heller. Det me skulde gjera
hev du gjort; og den Straffi me skulde lide leid du;
so at no er me frelste. Og me veit, at naar me ein
Gong kjem og bankar paa Himilporten, so slepp me
inn; du hev sjølv skaffa oss Inngangskort. Men Anger
og Bønir maa til; og det skal me ikkje gløyme.
Farvel, Meistar!
Det er enno berre ein Tollar her og der som stend
upp utan Snakk og fylgjer, naar Meistaren kallar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>