Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
414
HEIMKOAIIN SON
Vegaskile var han for veik; og so vert han
Mammons-træl naar han vert gamall.
Sæle er me fatige!
t.
Tekst: Gjev Keisaren det som høyrer Keisaren til . . .
■— — Keisaren er den verdslege Magti. Den hev
sitt aa gjera. Og til det treng ho Skatt, som og til
seg sjølv. Den Skatten skal me gjeva ho.
Men Gud skal hava det hans er. Hans Bod skal
me lyde; hans Arbeid skal me gjera. Borni hans er
me; og som alt hans er vaart, so er alt vaart hans:
heile Live vaart gjev me til Framhjelp for hans Vilje.
Og daa fyrst vinn me Live sjølve: fær Innhald, Meining,
Hugnad i det.
— Eg meinte at i Staden for Keisaren maa me no
setja Samnøyte eller Folke.
„Det kann me," svara Paal, „ura me trur at det er
Folke som hev Magti."
„Ja det er det vel?"
„So skulde det vera. Men enno hev me ikkje vunni
fram.
„Meir og meir vert det Mammon som raar, i
Riks-live som elles. Hans Tenarar er daa dei som i Røyndi
styrer; men alle kann ikkje styre alltid; Baglar og
Birkebeinar ligg i Krig. Det kjenner me til; den Krigen
gjeng ofte yvi Lande. Kvar Flokk segjer: Staten, det
er me; og den Flokken som vann sist styrer til næste
Ufreden. Hérfange vert bytt millom dei fremste i den
Flokken som vann; Folke fær eit Grand mindre, men
sidan gjerne eit Grand større Skattar.
„Naar Politiken ein Gong vert Samarbeid millom
Brørar i Staden for Krig, daa vil me med Sanning
kunna segja Folke eller Samnøyte i Staden for Keisaren
eller Magti. Gjev det ikkje vart for lengi til!"
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>