Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
416
HEIMK0A1IN SON
mistaka seg eller han kann hava Rett. Hev han Rett,
skal han ikkje gifte seg; tek han i Miss, so skal han
ikkje gifte seg fyrr han ser at han tek i Miss; mitt
Livs store Synd kom av, at eg for seint skyna dette.
*
Tekst: Tenkjer de at desse Galilæarar var Syndarar
framfor andre Galilæarar, med di dei hev lidi slikt?
–Fullt upp hev Tilvære av svarlause Spursmaal.
Mangt synest meiningslaust og mykje synest fælt.
Saklause lid vondt og Illmenne hev det godt; sume
rotnar av Vel-livnad og andre brotnar i Liding; rett
som det er hender Ting so ville at du berre stend og
glor: er det Faderen eller Fenden som raar, eller
gjeng Verdi styrelaus?
Slikt som at eit Taarn ramlar ned paa Maafaa og
slær ihel kven-som-helst, tek Born fraa Mødrar og
Foreldre fraa Born, og øyder Ungdom som brann etter
Liv; eller slikt som at ein Landshovding gjer seg
Moro av aa blande Blod av Ofrarar saman med Blod
av Offerdyri deira; slikt og dilikt og verre og verst,
— kann det anna vera enn Vitløyse og Villspél?
Me skal ikkje spyrja um slikt, segjer Meistaren; me
greider det ikkje kor som er. Og kvar for seg hev
nok med sitt. Spursmaale for meg er ikkje det um
Pilatus og Offerblode eller det um Taarne i Siloam;
for meg gjeld det, korleis eg kann nytte mitt Liv rett.
Det som ser villt ut for oss kann endaa hava ei
Meining. Me skal hjelpe og lindre den Naudi me
naar; men der vaar Magt ikkje rekk, og der vaart
Vit er for stutt, der fær me leggje alt i Handi aat
honom som ser til Grunnane.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0428.html