Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
423
er han full Kar, baade sterk og seig, med klaare gløgge
Augo og Andlit rolegt og greidt; men Skjegge under
Höko og rundt Kinni kvitnar, og det tette myrke Haare
tek til aa graane; „det lid til Vinters," smiler nan.
Og det er Fred og ikkje Strid han no tenkjer paa.
Sundagsstundine i Kvernhusheidi er ikkje
„Uppbyg-gjelsar" men Lag; me røder um laust og fast, og kvar
kjem med sitt; nytt fraa Bygdom vert fortalt, og Sogur
gjeng; er Maren stundom med, so dukar ho upp med
mykje og mangt; sist hugsar eg ho fortalde um
Carolus Magnus, som plar sjaa inn-um henne naar han
driv so att og fram „millom Tukthusi"; han er komin
heilt-upp paa Fantestig no.
Paal vert spurd til Raads um ymist; han skynar seg
paa jordiske Ting au. Og fortelja kann han. I seinare
Tidir hev han etter Bror sin fortalt ymist um Tilstand
og Arbeidsvilkaar i Amerika; det vert stridare og stri=
dare der med; so eg kann vel vera glad at eg ikkje
för dit, som eg ei Tid tenkte paa.
Men naar det lid til Kvelds, tek Paal Testamente;
og daa vert det stilt. Han segjer eit lite Opningsord ;
„Herre kven skulde me gange til utan til deg; du hev
Livsens Ord"; „Trøytte og mødde kjem me til deg,
Meistar; hjaa deg er det Kvild" ; so slær han upp eit
Stykke i eit Evangelium og les; han held seg til
Evan-gelie for det meste. Ofte les han upp Stykke or
Bergpreika utan Tolking; „her finn me Gudsorde reint og
klaart". Men det han vert spurd um svarar han paa;
og fær han eller einkvar annan „noko aa segja", vert
det sagt. Bønir vert au haldne; „men me skal ikkje
bruka mange Ord liksom Heidningane". Og berre
Samfundsbønir skal me beda i Lag; „den som bed for
seg sjølv skal gange inn i sin Kove og lata att Døri,
segjer Meistaren". Paal sluttar med „den Bøni som
inneheld alt" : Fadervaar.
Ofte vert det Samtale um det som er framført, eller
um Ting som heng ihop med det. Og Tilvisningar
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>