Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
424
HEIMK0A1IN SON
vert upplesne og Tolkingar gjevne; sümt kann daa au
koma upp av det som eg hev arbeidt med og ikkje
kunna greide. Men meir og meir skynar eg, at Spurs-
maali mine er ikkje so faarlege som eg hev tenkt.
#
Son hans Unge-Salomon Storbrekke var i
Kvern-husheidi og skulde beda Paal hjelpe Far hans med
noko Arbeid.
„Det er smaatt med Stundine," svara Paal. „Men
no er du Nils so stor; kann du ikkje sjølv hjelpe Far
din med sovori?"
Nei; Nils skulde paa Amtsskulen.
„Ja so, Farr. Og sidan til Byn, kannhende?"
Ja; kunde han faa noko der aa gjera, so.
„Det fær du visst; det er Lande Byen liver av, veit
du. Men Garden? Læt du Bror din faa den?"
Nils mylte. „Vil han gaa der og grava i Lorten,
so maa han gjerne for meg."
„Naa, du er alt Gategut," sagde Paal. „Ja-ja; eg
skynar Far din treng Hjelp; eg skal koma."
Daa Nils var gjengin spurde eg: „kva Raad tru me
skal hava for det at Ungdomen vert so heimlaus av seg?"
Paal trudde ikkje det var so spelegt som det syntest.
„Ungdomen vert heimkjær att; Amerika og Byane
fyllest, og naar ute er freista er heime best. Verre vert
det naar den Dagen kjem, daa Ungdomen spyrr etter
Jord og ikkje kann faa; og den Dagen er ikkje so
langt burte som me tenkjer."
— „Du er komin til Lags med han Salomon au att
no," sagde ein; „men han hadde mykje aa segja paa
deg ei Tid."
Paal lo. „Det var med Salomon som med hitt Folke;
han trudde eg var galin. Men det lagar seg alt, berre
ein ikkje kjem i Ulag sjølv."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>