- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
425

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

425

Tekst: Rikingen og Lasarus.

— -— Det store Kjærleiksböde finn me paa kvart
Blad; Sogo um den rike og Lasarus slær det fast paa
sin Maate.

Denne Rikingen er det inkje aa segja paa. Anna enn
dette eine, at han læt Armingen liggje hjelpelaus
utanfor si Dør.

Men det eine er nok. Me veit kva Domaren vil
segja til deim paa den vinstre Sida; og me veit kva
der stend: den som ikkje elskar Bror sin som han ser,
kor kann han elske Gud som han ikkje ser?

Den Stundi kjem daa alt snur seg: Rikingen vert
pint og Armingen fær kvile. Ser ein Naud og kann
hjelpe men læt vera, so skal det koma ei Tid daa ein
sjølv lid Naud, og daa andre kunde hjelpe men læt
vera. Fyrr hadde Rikingen Tenarar i Flokketal til aa
hjelpe seg med alt; no kann han ikkje faa Hjelp av
Lasarus dessmeir, og det um han er aldri so i Beit;
og naar han vil hava Lasarus heimsend til aa vitne
for Brørane sine, svarar Abraham stutt: dei kann høyre
Moses og Profetane. Han meiner: det skulde du au
ha gjort.

Ubroderlegt for Rikingen fram og kann ingin
Brorskap vente; i Pinsla fær han liggje, til dess den siste
Skjerven av Skuldi hans er betalt.

Men Lasarus kviler fraa sine vonde Dagar paa Jordi;
han er i Abrahams Fang, i Paradis.

Lat ingin lide Naud! Um du var den rikaste i
Verdi og den gjævaste Abrahams-son: den verste
Fille-fanten som ligg utanfor di Dør full av Saar, han er
Bror din!

*



Tekst: Dei som styrer Folki held deim under
Herrevelde, og Stormennane brukar Magt yvi deim; men so
skal det ikkje vera millom dykk; den som vil vera stor

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0437.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free