Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
427
som vedgjeng si Synd og dermed vender seg fraa ho,
han gjeng rettferdiggjord heim til sitt Hus; for honom
er der Framvon.
Han er ikkje langt komin som kann gjera seg til av
si Dygd; ingin kyter av si Rettferd som veit, at det
gjeld aa naa fram til det fullkomne.
Tekst: Det er dei siste som skal verte dei fyrste, og
dei fyrste som skal verte dei siste.
— — Det galdt for Israel og det gjeld for oss:
mange som trur seg i fremste Rad vil ein Dag finne
seg millom dei attarste.
Mange er kalla men faae utvalde; faae fylgjer
Meistaren, so dei kunde bli Medstridarar og Medstyrarar
i Rike hans. Me er millom dei mange; lat oss sjaa aa
vinne oss fram millom dei faae; me er trygge naar me
gjeng den Vegen Meistaren hev vist oss.
Gudsrike hev me livande i oss fraa den Stundi av,
daa me gjorde Faderens Vilje til vaar Vilje; og med
Gudsrike innantil i oss kann me aldri bli utestengde.
Tekst: Fodsla i Betlehem.
— — Denne Sogo hjaa Lukas fortel, korleis det
gjeng til naar Menneskjesonen vert fødd. Og han vil
lata seg føde i oss alle.
Menneskjesonen som og er Gudssonen, det er i kvart
Menneskje Barneviljen som er eitt med Faderens Vilje.
Og naar den fødest fram, vert Manna’nugen til eit
Tempel med Høgtid og Englesong, um han fyrr aldri
so mykje var ein Stall.
— „Dette er den aandelege Meining i Sogo," sagde
eg. „Og naar me held oss til den, so tarv me vel
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>