- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
431

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

431

greidt svarar han, og etter den strengaste rette Læra.
So gjeng han fraa deim.

Han var ikkje send til aa disputere Teologi. Til
Folke var han send, til dei ulærde og ukunnige, til
Tollarar og Syndarar, til alle som trong Hjelp og
Rett-leiding, til Levi og Sakkæus og meg og deg; og det
han skulde lære oss var ikkje kloke Spursmaal og

Svar; det var Vegen til Live.

*



Tekst: „Seg at desse tvo Sønine mine maa sitja ein
paa den høgre og ein paa den vinstre Sida aat deg,
naar du kjem i ditt Rike!"

— — Snilde Mor til Sebedæus-Sønine, ho vil hava
Gutane sine paa den høge Sess; Herrar yvi Brørane
skal dei vera.

Det er den Haatten som i Verdi raar. Der likar
ikkje Folk aa vera Tenarar; skal dei tena maa dei
hava god Løn. Meir likesæle um Løn er dei, naar dei
fær gjera kvarandre vondt; for daa kjenner dei seg
Herrar.

Jamvel millom deim som Læresveinar vil vera er
Herrehügen sterk. Sjølve Jakob og Johannes ligg paa
Kne for Meistaren og bed um Herrehøgd; og Paven
vil vera Herre yvi Herrar og Konge yvi Kongar, um
han aldri so mykje kallar seg Tenar aat Tenarar.

Meistaren lærer oss noko anna. Og det i Gjerning
so vel som i Ord. Han gjekk ikring og gjorde vel
imot alle; han vaska Føtane aat sine eigne Sveinar;
og som eg hev gjort skal de gjera, sagde han. Det
lærde Jakob og Johannes etterkvart; og det maa me
au lære.

Men det er ikkje snart lært. Det er ei Lov som
snur Verdi um. Jesus er den største
Samfunds-Um-veltar som hev livt; det var inkje Under at han vart
krossfest.

29 — Garborg. IV. *

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0443.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free