Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
432
HEIMK0A1IN SON
Me kom til aa tala um den gamle Paradis-Tanken.
„Der er meir Sanning i den enn me trur," sa Paal;
„Paradis hadde me i dei Tidir daa Bror-Tanken raadde."
„Men Paradis," heldt han fram, „er enno til; me
hev alle vaar Paradis-Tid.
„I Eden leikar den sæle Barndom.
„Men Barndomen gjeng og Ungdomen kjem. Og
Ungdomen nøgjer seg ikkje med Barnehagen. Ormen
lokkar; Ungdomen feil.
„Men Ormen er ingen Djevel. Det er
Ungdoms-draumen som lokkar og dreg; han segjer: du skal
verte som Gud til aa kjenne godt og vondt; du skal
vinne Verdi. Og han hev Rett: Ungdomen skal lære
aa kjenne godt og vondt; og han skal vinne Verdi.
So han sidan kann vinne yvi ho.
„Ut lyt daa Adam og Eva or Hagen. Ut i den
strenge Livsstrid, som gjenom mange Nederlag skal
føre deim fram til eit nytt Paradis. Sæl den som finn
Vegen!
„Fram stemner Ungdomen; fram vil han med sitt.
Og det ydder og brydder og veks og sprengjer paa;
det svell av Liv i Kümar og Knupp; kvart Blad og
kvar Kvist vil fram for seg; Ungdomen er Vaarsevja,
Vokstr-Viljen.
„Alderdomen ser paa Ungdomen og undrast: kann
dette gange vel? Jamn maa Vokstren vera, tenkjer
Alderdomen. Den eine Kvisten og Greini maa vekse
som dei hine, so Trée ikkje vert skeivt; Samvokstr
maa der vera, Samanheng; Alderdomen er Vokstr-Lovi.
„Vokstr-Viljen og Vokstr-Lovi synest vera i Strid.
Ungdomen vil sjaa Framgang; Alderdomen veit, at
Vokstr kann ein ikkje sjaa. So feil dei ut. Den
gamle er for gamall; han vil alt skal staa stilt, segjer
Ungdomen. Den unge er for ung; han ser berre sitt
eine, segjer Alderdomen. Men naar Ungdom og
Alderdom slæst, daa kjenner dei inst inne best at dei treng
einannan.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>