Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
435
kunde eg halde Bryllaup! — Ingeborg er alitid ung
enno, og vilde gjerne lære noko meir; helst lurer ho
vel paa aa bli Bvfrue au, som snart sagt alle no; men
me skulde vel koma til Lags um den Ting.
Naa. Enno fær eg halde ut med Skulen eit BU;
eg hev for mykje att av Gjeldi fraa Lærarskulen.
Og fekk Banken for hardt Tak paa meg, so vart eg
Træl um eg var Gardmann au; og paa ein Maate
vart det verre: eg hadde ikkje berre meg sjolv aa
svara fyri daa. Paal røder um, at det skulde vera
som i gamle Dagar: at Jordi høyrde Ætti til, so ein
aldri kunde bli drivin fraa Garden; men daa kunde
ein ikkje faa laane Pengar paa Jordi heller; og so
stod ein der. — So her høver nok ikkje hans bibelske
Tankar.
$
Paal er Arbeidsmann paa sin eigin gamle Gard no
um Dagen.
,,Tolvgards"-Per eldest. Og Sønine hans er spreidde
som vanlegt i denne Tid; ein er i Byen, og ein til
Sjøs, og tvo i Amerika; men den eldste styrer Aase,
Farsgarden.
Med Midelen minkar det. Serleg den Sonen som
er i Byen hev vori Far sin dyr; han driv med Handel,
men hev drivi det so, at den eine etter den andre
av dei „tolv Gardane" aat Far hans hev loti springe.
Og no er det daa vel ikkje so greidt.
Det som veks er Utgiftine. Ikkje minst dyrnar
Arbeids-hjelpi. So hev daa Per funni Vegen til Kvernhusheidi,
han som andre. Det kann ikkje ha falli lett for det
gamle Gudsbarne aa brjote seg so smaa. Men Paal er
god Arbeidskar og attaat billeg; treng ikkje mykje og
tek berre det han treng, „handlar ikkje med si
Arbeidskraft", som han segjer; og sin Bate skynar
Tolvgards-Per. Paal paa si Side vilde gjerne faa gamall Uhugnad
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>