- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
439

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

439

„Det var det. Ho visste det no, at ho hadde
misteki seg hin Gongen; og det skulde Evelinde segja
han. Det ligg paa meg som ei Tyngd, sa ho, alt til
dess han fær vita det. Og so skulde Evelinde segja
han ein Ting til. Han maatte ikkje gifte seg att, um
han vilde hava sin Sjælefred, skulde ho segja."

„Aa? — Og Evelinde fekk sagt Paal det?"

„Ja; me sende Bod etter han Morgonen etter; og
ho sagde han det, daa han kom."

„Svara han noko paa det?"

„Han bad henne takke Helga for Böde; det var det
Böde eg turvte mest, sa han. Og for det andre kann
ho vera trygg, sa han; eg er aaleine og vert verande
aaleine. Eg saag paa Augo hennar kor glad ho vart."

„Det er merkelegt. Hadde ho elles noko aa segja
Paal paa det siste?"

„Nei. Ho sagde berre det, at ’eg hev vori lydig’,
sagde ho. Og det sagde ho fleire Gongir. Han tala
for henne so vent at eg aldri hev høyrt noko
Menneskje tala so vent; og ho vart ljos som ein Guds Engel
og sagde berre dette eine: eg hev . . . vori lydig;"
Gudleik vart ustød i Mæle og vende Hovude burt.

„Ho var aldri med i Kvernhusheidi, Evelinde, — i
sine friske Dagar?" spurde eg.

„Nei; han hadde forbodi henne det. Men naar eg
hadde vori der, so maatte eg segja henne kva det var
for eit Stykke i Testamente Læraren hadde lesi; ’for
naar eg les det, so er det som eg var med paa ein
Maate likevel,’ sa ho."

Ei Stund etter lagde han til:

„Dei sagde Paal skulde ha tenkt paa Evelinde. Og
det i den Tidi daa Helga livde endaa-til. Haa, haa;
dei kjenner ikkje Paal. Den Kvelden daa dette med
Helga hende, veit du, — ja; det var meg, Paal tala
til Evelinde um den Kvelden; og det hadde Helga,
Stakkar, mishøyrt. Og ho var ikkje frisk i den Tidi,
Helga; ho tok seg galne Tankar av alt. Og den Kvelden

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0451.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free