Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
440
HEIMK0A1IN SON
skulde det ikkje meir til enn eit mishøyrt Ord, fyrr
det verste kunde hende. Gud hjelpe oss alle so sant!" —
- So heng det ihop, kannhende. Det hev ikkje
vori berre sjuk Draum, naar Helga trudde ho stod
imillom. Og ein Dag hev Paal sjølv kjent at han ikkje
var heilt utan Skuld. So hev han sagt til Evelinde:
tak Gudleik; me maa ikkje sjaa kvarandre meir. Og
ho var lydig til Dauden.
Heng det so ihop, so skynar eg at Paal likso gjerne
hadde teki ein Dom; tungt hev det vori aa bera den
Byrdi so reint aaleine.
*
Tekst: Syt ikkje for dykkar Liv, kva de skal eta og
kva de skal drikke . . .
•— — Syt ikkje, segjer Meistaren. Ofte kann det
sjaa smaatt ut; men Faderens Rikdom hev me aa stole
paa; og den tryt ikkje; den veks æveleg fram att
paa nytt.
Sjaa paa Blomane; dei spinn ikkje og vev ikkje,
men er venare klædde enn Kong Salomon; og sjaa
paa Fuglane; dei saar ikkje og haustar ikkje, men
Faderen føder deim; og me er meir enn baade Fugl
og Blom; kvi skulde daa me syte?
Me skal tru og vera glade som Fuglen. Men ikkje
late skal me vera; me skal lære av Blom og Fugl i
det Stykke au. Blomen syg Næring av Mold og Aur
og strævar Dagen lang; Fuglen flakkar og flyg fraa
Soli renn etter Mat aat sine og seg; me au skal
stræve og vera um oss. Men me skal ikkje syte; me
skal liva etter Guds Ord og nøgje oss me det me treng;
er me onnuge og smaanøgde som Fugl og Blom, so
vil Faderen føde oss som han føder deim; det kann me
stole trygt paa.
Heidningane syter; og dei syter jamt; er dei fatige
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0452.html