Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
442
HEIMK0A1IN SON
for dei gamle; for Borni vert leide av Foreldri som
Foreldri av Borni. Og Foreldri vart leide av kvarandre;
det var Borni som skulde haldi deim i hop. Snart
sit Mori paa sitt Kantor som Faren paa sitt. Og
Sam-funds-Matsalar kjem i Staden for Heimebord. Alt vert
Publikum. Og Live vert Striden for Tilvære kvass
og nakin.
Daa eldest Folke. Det vert kaldklokt og reknar seg
fram; snart reknar Foreldri ut kor mange Born dei
vil hava. Ein stor Barneflokk er brysam; og i Byen
er han dyr; og Arven vert dess mindre di fleire det
er um han; tvo Born maa vera nok; tri er Høgdi.
Ægteskape au vert eit Reknestykke; det løner seg
berre naar Gifte er rikt. Men rike Gifte er ikkje for
alle aa faa; Lausgifte fær Magti. Daa losnar alt upp.
Far og Mor er tvo framande Menneskje; og Borni
kjenner ikkje dei Foreldri dei skulde ære. Det ber til
Sodoma meir og meir. I sjølve Folkegrunnen tek det
ti! aa rotne. Opinberringi talar um den store Skjøkja;
det er Storbyen som der er meint.
Landsbygdi klarar seg lengst; og Storbyen liver lengi
paa aa blodsuge Bygdine. Men Rotinskapen ét seg
ut-yvi etterkvart; den Dagen kjem, daa Lande au ligg
ut-tært. Daa er Domen fallin.
Langt Liv kann berre det Folke vente, som held
uppe Vyrdnaden for Far og Mor, og Vyrdnaden for det
aa vera Far og Mor: Vyrdnaden for Live og Livs-
vokstren. Sæle dei Folki som ikkje fær for mykje Byar!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>