Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
443
Bod er det som me kjenner so vel til hjaa os i seinare
Tid: at me ikkje maa vera glade. Ver sorn Fuglane
under Himilen! sagde Jesus; ver som Sytekraakur i
ein Sutrekrok, segjer dei vakte; det skal vera Synd
aa halde Moro, Synd aa skjemte og leike og gleda seg.
Naar den burtkomne Sonen vert fagna med Spél og
Dans, elier naar Jesus i eit Bryllaup gjer Vatn til Vin,
so vil dei ikkje vita um det; og ser dei glad Ungdom,
eller høyrer dei Fela læt, so sukkar dei og slær Kross
for seg. Og lange Bønir held dei; og preika for
andre gjer dei; men dei syndar gjerne: ét upp Husi
for Enkjur og læt Lasarus svelte.
Me skal ikkje fara etter slikt Folk. Me er ikkje
Trælar men Born; og den som gjer det han skal og
ikkje gløymer den som treng, han baade kann og skal
vera glad. Og naar det so feil seg, kann han trygt
hyggje seg saman med Vénir og Kjenningar.
I Kana heldt dei Bryllaup og hadde eit hugsamt Lag.
Og Jesus var med; han saag ikkje noko vondt i at
Folk hadde Moro. Og um dei var drukne paa ein slik
Dag — ikkje brennevinsgalne, men vin-glade -—, so
vart han ikkje sur for det; han lét deim endaa faa
meir Vin, daa Mor hans bad um det. Han visste dei
var skikkelege Folk, som ikkje drakk meir enn dei
hadde godt av.
Vert me so gamle og vise at me ikkje vil vita av
Moro, so er me visare enn Vaarherre; og det er for
mykje. Det gjeng daa au som det kann. Sjølve vert
me sære og sure; og Ungdomen, som serskilt treng
Hugnad, han søkjer seg Moro i Skugg og Skjol; og
vert ikkje den Moroi god, so er det me gamle som
hev Andsvare. Aat slike altfor kloke Gamlingar er
det at denne Sogo er skrivi; og dei som undrast mest
paa aa finne ei Bryllupssogu i Testamente, dei treng
mest um aa lesa ho.
Fyrr var dei gamle so unge, at dei fylgde baade
Ungdom og Born i baade Moro og Leik; og daa vart
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>