- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
445

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

445

som der var Gagn i turvte ein ikkje vera rædd. Men
at Hinmannen sat i Fela hadde han alltid høyrt; og
ikkje trudde han det kunde vera betre aa drikke seg
full paa Vin enn paa Brennevin heller. „Nei det kann
du vera stød paa," smilte Paal; „drikk du deg full,
so er du full; og det et gali, um det so var sur Mjølk
du var full av.

„Men Fela vil eg forsvara," heldt han fram.
„Tone-leik høyrer til det finaste og høgste me veit um; og
der er ikkje meir vondt i Fela enn i Orga; eg gløymer
aldri Ole Bull, som grøtte meg med Fela si ein Gong.
Fælsleg Toneleik finst, som det finst stygge Sogur og
Kvad; Trollskap og Develskap er ute i Fossekall-Spél
og Fanitullar som stundom i dei største Toneverk. Men
Trollskapen er kje i Spéle, Aasmund. Det er ikkje
Spegilen du skal skjelle paa, naar du ser du er svart;
du skal takke til at du hev Spegil og berre vaske deg.

„All Kunst priser Gud i det fagre, og segjer oss
Sanningi ved aa vise oss det ufagre. Folk lo aat denne
Kunstmaalaren som sat her nede og maala Vatn og
Lyngheid; men daa eg var ned-um han ein Gong og
saag paa Bilæte hans, so saag eg det eg aldri fyrr hev
visst: at der er vent ikring Heialandsvatne. Og det
ser eg no kvar Dag sidan. Det fagre Gud hev gjort,
men som me sjeldan ser der me gjeng og slit, det
kann slikt eit lite Kunstverk feste og leggje fram, so
det vert ein Hugnad for oss; ein Maalar kann gjeva
oss meir enn mang ein Prest. Diktekunsten skynar
me alle, mindre eller meir; myrkt eller villt stig det
vonde fram, men Livsmagtine dragande ljose. I unge
Dagar var eg paa Teater stundom; ein Gong saag eg
eit Stykke der den Vonde sjølv var med; men Stykke
var godt; det viste at ærleg Vilje vinn yvi det vonde
kor sterkt det er; og det hev ein alltid godt av aa bli
minnt um."

„Me skal forsaka Verdi, Paal?" undrast Gudleik.

Paal smilte. „Me skal forsaka det vonde i Verdi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0457.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free