- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
449

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

449

Bror i Naud utan Trygd; Lov for alle Tilfelle laut
det daa vera.

„Men Trygdelovi for Kravshavarar var ikkje som
hjaa oss, der Rikebror kann plundre Armebror og drive
han paa Bygdi; Jordi kunde den rike aldri slaa under
seg. Kravshavaren kunde taka Grøda; han kunde taka
Bruksretten til Jordi au; kneip det, kunde han faa Rett
yvi Laantakaren sjølv; kunde tvinge han til aa arbeide
for seg, gjera han til Træl, som dei daa beint fram
sagde. I slike Tidir laut den skuldbundne og Folke
hans hjelpe seg paa Fatigmanns Vis, soleis med
Akssamling paa Aakrane, som Lovi gav Rett til; i
Kvile-aare, 7de-kvart Aar, var endaa alt som voks paa
Aakrane fritt for alle. Og der var strenge Bod um aa
hjelpe den som trong; for der skal ikkje vera nokon
Tiggar ibland dykk, baud Lovi; den fatige kom daa
aldri paa Sveltihel. Og dei vonde Dagane fekk Ende.
I Kvileaare vart alle Laan ettergjevne; i Helgaare vart
all seld Jord attgjevi; lenger enn ei viss Tid kunde
ingin hava Rett yvi Bror sin.

„Jordi var urørleg, av di ho aldri vart Sereign; Ætti
var Jordherre og ikkje Mannen. Og Ætti var
Jordherre so lengi ho var til. Den Gudslovi um Jordi som
Moses bokførde og Jesus stadfeste, hev. i gamal Tid
alle Folk havt, me med, som du Tore nemnde; og i
store, gamle Rike stend ho enno ved Lag, mindre eller
meir. Men hjaa oss hev Sereiga til Jord lagt seg yvi
Lande som eit Bann, um me aldri so mykje kallar oss
kristne; berre eit Faatal slepp til aa bruka Jord; og
det dei ikkje kann bruka ligg halvnytta og unytta, um
aldri so mange kunde trengje til det.

„Men Straffi kjem. Meir og meir av Jordi vert lagt
inn under Mammonsvelde, og Armodi aukar Tid for
Tid. Den Dagen kjem, daa det gjeng med vaare Land
som det gjekk med Rom, um det skal halde fram som
det no stemner.

„At Jord-Eiging er Heidindom kjende me paa oss

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0461.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free