- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
454

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

454

HEIMK0A1IN SON

Det er ikkje ofte eg hev vori i Kvernhusheidi denne
Vinteren. Men Prestane sky nar, at noko Tak paa
„Lovforkynnaren" fær dei ikkje gjenom meg; og at
Folke ikkje likar aa sjaa Læraren aat Borni sine i
Skule hjaa Antikrist er rimelegt. Kor skulde det gaa,
tenkjer mang ein ærleg Mann, um Skulemeistaren ein
Dag gav seg til aa forkynne i Skulen at me skal halde
Lovi?

Folke kann ingin undrast paa; det held seg til det
som det hev lært. Og Prestane fér som dei maa fara.
Eg lyt gjera som Presten vil. Kann ein ikkje segja
upp og gaa, so fær ein rette seg etter Husbond; ein
er ikkje Tenar for inginting.

— I Dag raaka eg Paal; han kom fraa Guri i
Heia-landsmarki; hadde sett Jordeple aat henne. „Naa,"
sagde eg, „du driv paa med din Lovtrældom?"

Paal smilte. „Aa, litegrand."

„Ja-ja; det kjem visst vel med."

„Eg veit ikkje," svara han; „ho Guri vil nok helst
hava av Kassa no; og daa vert eg i Vegen."

Eg laut læ. „Ja dei vil paa Kassa no; den eine
etter den andre."

„Det er so godt aa hava noko visst," smilte han.

„Ja, ja; kva skal ein segja."

— So fortalde eg mitt.

Han høyrde paa meg og smilte; „ja dette hev eg
venta paa," sagde han. „Det vart meg nok sagt, at
du kom paa Utspæjing; men det saag meg ikkje rett
ut til det heller; og daa tenkte eg: dette gjeng ikkje
lengi godt."

„Utspæjing, ja," sa eg; „du kann vita eg hev logi
meg fram."

„Daa er det i alle Maater best at du sluttar. Og
det kann du. Bibelen hev du sjølv; og Meistaren kann
du høyre for deg sjølv; men Borni, Stakkar, maa hava
sitt etter si Uppskrift; dei andsvarlege hev Andsvare."

„Ein fær trøyste seg som ein kann. Men eg veit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0466.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free