Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
456
HEIMK0A1IN SON
stundomtil kunde faa arbeide med det Upptake eg hev
tenkt paa til Gard aat meg; og Løni han baud meg
var rimeleg; eg klarar det med den no.
Eg slog til. Og so um eit Par Aar — min eigin
Mann! Sitja paa Haatun i mitt eigi Hus; vera heilt
heime! Det er noko serskilt, det. Eigi Bu er best,
um det er lite ; heime er høgast kvar; betre aa sitja
under eigi Tak um det er laagt, enn flakke um fraa
„Post" til „Post" under Uppsyn og Ettersyn av
Over-mennar som er andsvarlege for Arbeide mitt!
Ein Herre fær eg aa tena endaa i mange Aar:
Banken ; det er til Husi eg lyt laane. Men Banken kann
ikkje krevja anna av meg enn Mynt; og hans
Herredøme kann eg bli kvitt, og skal eg bli kvitt; Bonden
vaknar i meg no; og eg kjenner, at arbeide kann eg.
Ho Ingeborg er ikkje mindre modig. Ho hadde vel
alltid drøymt so smaatt um Byen veit eg; gaa paa
Bygata med Kaape og Hatt! Men ho veit som eg, at
eigi Bu er best, og at ein er tryggast millom sine
eigne; og greid Gjente er ho, og staut Gardkjering
vert ho; me skal nok koma ut av det med
kvarandre, me!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>