- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
457

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

457

eg. Einar ventar han seg visst ikkje lite av; „der er
godt To i Karen; han er av deim som kann skyna
den Ting, at det er betre aa drive ein litin Flekk upp
enn aa sitja ei stor Vidd ned. Litegrand tümsut vert
han vel paa denne Jordbruksskulen; men det vinn han
yvi." „Tümsingar skulde vel ikkje Jordbruksskulen
lære upp?" undrast eg. „Aa," segjer Paal, „det er
med den som med all Skulen vaar: han er ikkje
heiin-flutt enno."

Han bur i det gamle Heimehuse sitt no; men han
rister paa Hovude stundom og ser seg ikring:
„under-legt er det aa gaa her aaleine." „Men," lagde han
til ein Dag: „heimkomin Son er eg. Faderen hev
eg funni; og i Barndomsheimen stend eg, og stend fri.
Gjev mange var so langt komne!"

I Kvernhusheidi bur gamle Maren no, i Lag med
ei Systerdotter, Berit, Skræddaren. Paal skal „drive
Plassen aat deim", og Berit skal saume Klæde aat
han; „men Maren steller Huse som ho hev gjort; og
so greider me oss alle." —

Sundagsstundine held me fram med her paa Hove
no. Mangt fær eg dessutan Høve til aa tala serskilt
med Paal um, i Kvilestundir og um Kveldar. Eg skriv
upp det eg vinst med ; so hev eg noko aa gjera dei
Sundagane daa eg „kviler" au; — det er ingin som

held Rekning med Kyrkjegonga mi no lenger.

*



Mild, frisk Vaarmorgon; me skal ut og pløgje.

„Sæle er me Jordarbeidarar," segjer Paal. „Armt
vert alt anna Yrkje mot vaart; me samarbeider med
Skaparen; Jordbruk er Gudsteneste.

„Herleg er Morgonstundi framifraa. Frisk og glad
gjeng du paa; er berre Arbeidshug og Tiltak. Som
ein Adam i Paradis gjeng du; ingin laak Tanke fær
Tak i deg. Du er med i det vaknande Ali-Liv som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0469.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free