- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
459

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

459

Skular; der mjuknar dei gjerne og veiknar; duger
sist-paa lite til aa slite og slaa seg fram. Men Liv i Mak
er for eit Faatal. Og Herrevegen for eit Smaatal. Det
gjeng daa som det maa gaa: Fantestigen fær Søkjarar.

„Lettare og lettare vert han aa gaa au. Ikkje
beintfram; det er der som elles: Tevling gjer Vegen trong.
Men Samfunde fær meir Hjartelag; kann Armingen
ikkje klara seg med Tigging so hev han Tukthuse.

„Knip det, so er det berre aa slaa ut ei Rute og
stela litegrand; so fær ein Hus og Mat fritt. Og det
dess lenger, di meir og di oftare ein stel; her er Løn
for Lovbrot. Heiltupp som Storfolk kann ein stelle
seg: um Sümaren tek ein Ferie, men søkjer til
Parte-mente att naar det lid til Vinters; det er mange som
gjer det so. Men vil ein sitja trygg Aare rundt, so
er det aa faa paa seg eit noko dugelegt Lovbrot,
Knivbruk eller Røving eller sovori. Og best er det aa
drepa eit Menneskje; daa er ein forsyrgd. Alt ein
treng fær ein fritt og trygt, Hus og Mat, Klæde og
Sko, Tilsyn og Stell, Doktar og Prest; Arbeid til
Tidtrøyt fær ein au; det einaste ein lyt vera forutan er
Fridomen. Men kva Fridom hev ein Arbeidsmann?
Og kva nyttar Fridom for den som svelt? Livemaaten
er det fyrste; det er ikkje lengi fyrr ein Stakkar lærer
det."

Eg lo; „det vert nok meir og meir den bakvende
Verdi, dette."

„Visst er det so. Heilt ut er det so ; fær Latskap
og Lovbrot Løn, so fær Arbeid og Sparsemd Straff;
dei ærlege maa bøte for det galne som vert gjort;
Arbeidaren maa føde Fanten. Kvart sjølvhjelpt
Menneskje maa her vera med ; og di meir ein arbeider, di
meir lyt ein bøte; Boti heiter Skatt med eit lystigt
Ord.

„Hjelpi er, at Guds Lov sit djupare i oss enn
Lands-lovi. Folk vil vera Folk i det lengste. Smaatt kann
dei hava det, og tungt kann dei slite; men slit gjer

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0471.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free