- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
462

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

462

HEIMK0A1IN SON

og audmjuk av Hjarta; vil ikkje vera kalla god
dessmeir ; og um Gud segjer han som Moses: høyr, Israel,
Herren vaar Gud, Herren er ein! Det er nok so, at
Gud er Far hans. Men Gud er vaar Far au. Og
Guds Born er me som han; og Brørar kallar han oss,
liksom me alle skal vera Brørar.

„Det hev vori Tidir daa Trui paa Jesu Guddom
trongst; og dei Tidine er enno. Og treng me den
Trui, so kann me hava ho trygt, so sant som me
el-skar Næsten ; det er berre det, me vert spurde um i
Domen."

„Trieiningslæra maa au falle, naar ein held seg til
Testamente."

„Trieiningslæra er fraa det sette Aarhundrede etter
Jesu Tid."

Eg heldt fram med mitt. „Kva skal ein segja um
det, at Paulus vil vera sett serskilt til Apostel for Læra
um Løysepeningen; den talar daa Jesus sjølv um?"

„Ein Stad hjaa Mattæus og ein Stad hjaa Markus er
Løysepeningen nemnd; dei andre veit inkje um han.
Og dette er serleg merkelegt hjaa Lukas, som elles
hev godt Samanheng med dei tvo fyrste. Men Lukas
var Paulus-Svein; han hev visst, at Løysepeningen var
Paulus-Evangelium. Me finn Orde i dette Paulusbreve
au. Og hjaa Paulus med hans Soningslære høver det;
men hjaa Jesus med hans Lære um Faderen feil det
reint framandt."

Eg vart uroleg: „men Soningi er daa ikkje berre
Pauluslære?"

„Med Jesu Evangelium er ho i Strid," svara Paal.

Eg minte um Nattverdordi; „der talar Jesus sjølv
um Blode som er til Forlating for Syndine."

„Det meste av Nattverdordi finn du i fyrste
Korintiar-breve," svara Paal; „der fortel Paulus, at han hev fengi
deim ikkje av Apostlane, men ifraa Herren. Ordi er
heilt paulinske; korkje Blode til Syndsforlating eller
Blode til den nye Pakti vil klinge i hans Munn som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0474.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free