- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
464

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

464

HEIMK0A1IN SON

det vart best aa halde seg til sine gamle Gudar, hev
Heidningar flest tenkt.

„Men meir og meir vende Jødane seg burt fraa
Galilæaren; dess meir galdt det daa aa faa Heidningane
med. Og um dei ikkje kunde koma heilt med, so
fekk ein hjelpe deim fram-yvi so godt som det let seg
gjera. No var Farisæaren fraa Tarsus ein Mann som
kjende Heidningane og visste kva dei trong; han skyna
kor langt ein kunde vente aa naa; og Utveg fann han.

„Det er den gamle Israelsgud han forkynner, den
strenge og den vreide. Det er ein Herre som
Heidningane kann skyna, dette; han bryr seg um si Magt
og si Høgd meir enn um oss Menneskje; og etter sin
eigin Hüg hev han utvalt nokre av oss til Ære og
andre til Vanære, som det stend i Romarbreve. Som
ein Krusmakar gjer han süme til Miskunn-Kjerald og
süme til Vreide-Kjerald; han miskunnar den han vil
og forherder den han vil; og ingin kann segja noko
for det; hev kje Krusmakaren Velde yvi Leire sitt?
Serleg mot Syndi er Gud ein øydande Eld.

„Men endaa kann me no etter Paulus sleppe aa
ofre. Han bryr seg ikkje um Kalv og Sau lenger;
han hev fengi eit Offer so storgjævt, at inkje kjem upp
imot det. Men so gjeld dette Offere for alle og all
Tid au; den som bar det fram var Jesus Kristus. Han,
den vigde, den fullkomne, den fyrstefødde, Gudssonen,
Herren fraa Himilen, — paa serskild Vis bar han det
fram: seg sjølv ofra han for Syndine vaare. Ofra seg
ved aa døy, døy som ein Røvar paa ein Kross;
dermed er heile vaar Synderekning uppgjord; og dei gamle
Smaaofringane trengst ikkje meir. No gjeld det for
Syndaren aa eigne Kristi Offer til seg, bera det fram
for sine eigne Syndir; og det kann han gjenom Tru;
denne vert noko nytt no: Tileigning av Kristusoffere.
Og hev Syndaren gjenom Trui bori dette Offere fram
for Gud, so vert han Guds Barn og fær Gud til Far,
um han var den verste Heidning og Syndar. Sidan

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0476.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free