- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
466

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

466

HEIMK0A1IN SON

Graate og harme dykk, de rike, segjer han, for den
Usæla som skal koma paa dykk! Sjaa; den Løni de
hev forhaldi for dei Arbeidarar som hev skori dykkar
Aakrar, ho ropar; og Rope fraa Skurdfolke hev komi
inn for Herren Sebaots Øyro; men ver tolmodige,
Brørar, segjer Apostelen, Domaren stend for Døri.

„Det er Jesu Dom paa nytt: usæle dei rike! Eld
vilde Messias kaste paa Jordi, og ynskte, at Elden alt
var uppkveikt. Og naar me ser oss ikring no, so
kann me undrast med oss sjølve: tru det ikkje er den
Elden som brenn rundt um i Verdi baade her og der?

„Ikkje Fred er her lenger, men Sverd. Magthavaren
læt Armingen slite; og av hans Sliting og Svolt bryggjer
han seg Rikdomar; men Uro kringset han kvar han
gjeng; den Uretten han driv forfylgjer han; Blode av
Bror hans ropar yvi han fraa Jordi; uglad sit han i sine
Gilde, um Vinen er aldri so god.

„Han er uroleg for baade Eigedom og Liv; dei
magt-lause slær Lag og fører Krig mot Magthavaren. Lite
vil dei magtlause vinne, um dei sjølve gjer Mammon
til Gud; men som Straffe-Englar er dei utsende mot
deim som feitar seg med Urett.

„Sæle dei som liver av sitt Arbeid og nøgjer seg
med det dei tarv. Fred hev den smaanøgde og den

hjelpsame. Men Gull vunni med Urett er Helvites Eld."

*



„Korleis skal me tyde dei gaatefulle Ordi som
Jo-hannes-Evangelie vert opna med?" spurde eg.

Paal svara: „det er uklaare Ord; og dei vil vera
uklaare.

„Johannesboki vende seg til dei vise i si Tid. Og
i Fyrstningi er ho filosofisk og vil setja Evangelie i
Samanheng med Gnosis-Læra.

„Grunnvære er Gud; ved Orde, som sjølv er Gud,
Guds Kraft, skapar han Verdi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0478.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free