Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
467
„I den skapande Gudskrafti var Liv; Tanke; og dette
Gudsliv var Ljose aat Menneskjom: dei fekk sjølve
Tenkjekraft; men Menneski livde i Myrkre og tok ikkje
imot Ljose; fata ikkje Guds-Tanken. Denne tok daa
Mannsskapnad i Jesus; Orde, Gudskrafti, vart Kjøt og
budde millom oss. Men Verdi kjende ikkje att det
Orde ho hadde vorti til ved; hans eigne tok ikkje imot
honom, so nær som nokre faae: dei som trudde paa
hans Namn.
„Han som hev skrivi dette vil vise, at Lærdom tarv
ikkje heller stengje oss ute fraa Gudsrike.
„For Kyrkja hev Johannesboki vori faarleg. I
Staden for Meistaren set ho Anden til aa upplyse og lære
oss; men kva ho meiner med Anden er ikkje tydeleg
nok sagt; og Andar av ymist Slag hev daa nytta dette
Orde ut gjenom Tidine.
„Me umyndige held oss til Meistaren i dei fyrste
Sogom, til dess me kjem so langt at me kann kjenne
han att i den siste; og vinn me ikkje so langt, so hev
me nok i det me i dei fyrste finn: Fagnadböde um
Faderen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>