- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
468

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

468

HEIMK0A1IN SON

honom hev Øvsteprestar og Raadsherrar krossfest; og
no veit me ikkje meir.

Den ukjende er Jesus sjølv. Og han er med paa
Messias-Tanken. Men det maa de daa skyna, segjer han, at
Messias maatte lide? Det verste maatte han lide;
vil-jugt og som eit lydigt Barn maatte han lide det; daa
fyrst var han so til det siste og ytste røynd, at Faderen
kunde gjeva han den høgste Magt; daa kunde Profeten
fraa Nasaret faa Messias-Kruna.

Dette er den apostoliske Tanken um
Langfredags-hende. Som Petrus segjer i Apostelgjerningar: Jesus
vart yvigjevin til Dauden etter Guds fyrisette
Raad-gjerd; daa han hadde stadi den Prøva, uppreiste Gud
han og gjorde han til Herre og Messias. Og hev sett
han til Domar yvi livande og daude. Eller som
Paulus skriv: han var lydig til Dauden, ja til Krossdauden;
difor upphøgde Gud honom høgt, og gav honom det
Namne som er yvi kvart Namn; og for det Namn skal
alle bøygje seg.

Guds fyrste og øvste Tenar vart Jesus ved det at
han var heilt ut lydig; si Lære underskreiv han med
sitt Liv.

Tekst: De skal høy re Hérstrid og Tidendir um
Hér-strid; men Enden er ikkje endaa.

•— — Hérstrid høyrer me nok um; villare og villare
rasar Krigen, di meir Kultur me fær; og endaa skulde
Kultur vera det same som Folkeskikk.

Med Vald raader det vonde i Verdi. Den eine
Broren liver av den andre: Domaren av Tjuven og Tjuven
av Rikingen og Rikingen av Slitaren; men Slitaren
svelt; og berre Kniven held Kniv i Slire.

Væpne seg er einaste Raadi mot Krig. Men det er
ei utrygg Raad; so lengi væpnar me, til sjølve Vaapni

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0480.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free