- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
472

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

472

HEIMK0A1IN SON

nåden som fylgjer det vonde; og me skal nøyre paa
det han segjer, og taka Rædsle av det, men Rædsle

for det vonde og ikkje for Faderen."

*



Tekst: Den som giev ein av desse minste ein Drykk
Vatn skal ikkje sakne si Løn.

— —- Gjer du ein Stakkar den minste Hjelp, so er
du meir til Mann enn um du held ei ven Preike for
han og læt han ganga med den. Ja Syndaren som
gjer vel er betre Gudsbarn enn den retferdige som
dømer.

Paa Domedag vert me. ikkje høyrde i Pontoppidan.
Vaare Gjerningar skal døme oss som dei kvar Dag
dømer oss; dei viser kva me er. Armingen vert
dømd etter som han ber si Armod og Rikingen etter
som han vinn og nyttar sin Rikdom ; og Domen er
rettvis; inst inne i vaart eigi Samvit sit Domaren,
Menneskjesonen ; me høyrer hans Røyst kvar Dag.

Til vanlegt endar Rikingen i Pinsla; han vert leid
baade seg og Tilvære sitt. Millionherrar som flakkar
Verdi kring og faafengt freistar aa døyve sine leide
Minne, dei kann vitne um det; like eins Storsnytarar
som plaastrar sitt sjuke Samvit med Gaavur til Kyrkjur
og Fatighus og mykje og mangt. Men ærleg tent
og vel nytta Rikdom er ei Gudsgaave; sjølve Fader
Abraham var rik. Og for syndig Rikdom er der
Tilgjeving, naar Syndaren bøter. Tollaren Sakkæus rette
upp att det galne han hadde gjort og gav Helvti av sitt
Gods til dei fatige ; sidan fekk han Meistaren sjølv til
Gjest. Mykje vert den tilgjevi som elskar mykje.

1 vaare Heimar og Tidir er mange fatige endaa dei
gjerne vil arbeide; deim hjelper ein som ein skal, naar
ein steller det so at dei sjølve kann hjelpe seg. Læt
du deim faa Arbeid og løner deim rimeleg, so skal du

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0484.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free