Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
473
ikkje sakne di Løn; endaa betre Verk gjer du. um du
læt Fatigmann faa Jord, so han klarar seg sjølv ; rette
Maaten her er den som du, Gudleik, brüka, daa du
skifte Garden din med ein fatig Bror, so han no
greider seg godt, men kjenner seg Kaupar og ikkje
Olmösumann.
Men dei minste, Born og uføre og sjuke og gamle,
deim gjev me det dei treng, og gjev det med Hugnad;
me veit for visst, at naar me hjelper deim, so hjelper
me Menneskjesonen.
*
„Denne Djevelen," sagde eg, „Beelsebub og Satan
og kva han heiter alt, kva skal me tru um honom?"
„Djevelen maa me tru paa," svara Paal; „han er
visst livande nok.
„Men no gjer dei Djevelen til Gud ; og det er aa
gjera for mykje Ære paa han. Ikkje for det; ein kann
alltid forstaa det; det vonde er ei Stormagt som synest
vinne paa Gud sjølv stundom. Eg hugsar han Gunnar,
Bror min; so lengi hadde han sét paa denne Verdi
som rivst og bit og bløder og brenn, at sistpaa tenkte
han: dette er Helvite; den vonde hev Magti; Faderen
er berre eit Barne-Eventyr.
„So gjeng det mange. Det finst endaa dei som driv
Djevledyrking, paa Lag som Trollkarar og
Trollkjerin-gar fyrr. Naar det vonde hev Magti, so er den vonde
Gud; og so fær me dyrke den vonde, tenkjer slikt
Folk.
Men Gud er den vonde ikkje. Han er helst ein
Stakkar, paa Vis som Eventyrfanden. Ein Tosk er
han i Grunnen au. Men han er seig og sløg; og daa
me sjølve er endaa taapnare enn han, so narrar han
oss ofte.
„Sterk er han au paa ei Vis. Men han hev si Magt
i oss. I meg, i deg, i kvar for seg hev han Rike sitt;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0485.html