- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
475

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

475

og streng som dette Lande vaart vert Hugsyne lett
for sterkt; Draumsjuke hev me havt nok av."

„jesus dreiv ut Djevlar," heldt eg fram.

„Han gjorde det som dei den Gongen kalla so,"
smilte Paal; „og det gjorde han rett i."

Snart var me inne paa Undergjerningar; Paal trur
paa deim. „Men," sagde han til Slutt, „i gamle
Dagar trudde Folk meir paa slikt enn me kann ; og det
laga seg Sogur um Meistaren som me ser er Folkedikt.
Men no daa me tek alle andre Truir fraa Folke, so
kann me lata det faa hava denne ; ho er korkje
kristeleg eller ukristeleg; men det er av den Mjølki som
høyrer Barnealderen til."

Eg spyrr stundom Paal, um han ikkje vil ut paa
Forkynning att; „Folk kunde hava godt av aa høyre
Evangelie," meiner eg.

„Dei hev Moses og Evangelistane," svarar Paal:
„deim skal dei høyre. Og vil nokon vita mi Meining
um noko, so veit han kvar eg bur."

„Men du kunde fortelja Ungdomen at me skal
arbeide."

„Med Neven preikar ein Arbeid best; med Preiking
éi ein berre nye Preikarar."

Eg tagnar. Dette hev han nok Rett i.

>*

„Det er visst mange som er leide av Live i denne
Tid," kom eg til aa segja.

„Det høyrest so," svara han.

„Men vera leid av Live er Sjælearmod.
Fortögs-slitarer og Krakkesitjarar kann finne Verdi keidsam;
men meir enn nok er her aa gjera og lære all Tid.

„Underlegt er det og aa høyre paa deim som finn

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0487.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free