- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
476

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

476

HEIMK0A1IN SON

Live meiningslaust. For der er alltid Meining i aa
hjelpe der Hjelp trengst; og Hjelp trengst all Tid og
all Stad.

„Liva rett, det er aa vere ein god og tru Tenar.
Og ein Tenar spyrr ikkje etter Meining; han hev
Arbeid, og det gjev Meining; meir enn nok av slikt
Arbeid hev han kvar Dag og kvar Stund.

„Dei som vert kalla Herrar er store naar dei er
Tenarar; sjølve Kongen er stor naar han tenar Folke
sitt; det kann han ikkje ofte no, Stakkar.

„Den høgste paa Jordi er ho Mor; han Far hev
fullgod Meining i sitt Liv berre han tenar henne; men
Live for denne høgste paa Jord er aa tena dei minste:
Borni.

„Me som ikkje er Fedrar og Mødrar skal vera Fedrar
og Mødrar til Hjelp; me skal vera Tenårs Tenarar; er
me det, so er me mykje meir til Folk enn vanlege
Pavar.

„Men var det ein som ikkje kunde hjelpe eller tena,
— han fann ikkje Meining i sitt Liv, um han so rota

seg igjenom alle Filosofiar."

*



„Aa, denne Soli!" ropa Paal ein Morgon; „for ei
Livskaparmagt; for eit Guddomsvelde! Ingin skal
undrast paa, at alle Folk hev havt ei Soldyrkar-tid!

„Og endaa er Soli inkje anna i seg sjølv enn eit
logande Helvite."

„Og naar det Helvite sloknar maa alt Liv døy; er
det kje bakvendt?"

„Naar Soli sloknar vert Solheimen Is, ja. Isklotar
i ei gravsvart Natt.

„Men ein Gong støyter Isklotane ihop; daa vert dei
til Eim ; Isen med ; gjenom endelause Tidir skipar
Eimen seg um til ein Solheim paa nytt; daa tek ein ny
Dag av Æva til. — Er det kje so dei no trur?"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0488.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free