Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
478
HEIMK0A1IN SON
lært Grunnane og kjenner at eg skal klara meg. Det
er Trui hans Farfar eg hev funni att, naar eg rett
skal sjaa meg til: me skal vera gode med kvarandre,
so vil Gud vera god med oss. Og no veit eg, at i dei
barnslege Ordi ligg heile Kristindomen. For det er
Born me skal vera. Ikkje gruvle; taka kvar Morgon
paa med Livsens Leik og vera med i den; og gjera
kvar sitt til at Leiken kann bli god ; daa vert Dagane
heller for stutte enn for lange.
Og Innhald vert der i den aalvorsame Leik.
*
Paa Hove er alt i Stand no. Det unge Folke er
innflutt; og dei ser greide ut baade Mannen og Kona.
Einar er ein stillfarande stød Kar som veit kva han
vil; og ho Ragnhild, Kona, eit staut og vent Kvende
fraa Holmeland i Nes-Sokni, er ei ferm ung
Gardkje-ring; dei klarar seg nok, dei tvo.
Eit lite Heimkome-Lag heldt dei igaar; der var „me
Drengjene" au med, eg so vel som Husbonden hev
vori. Og eit gildt Lag var det. Høgsæt-Gjesten var
Enkja fraa Bø, Syster aat den gamle og Mor til den
nye Höve-Mannen. Det er ei vyrdsleg Kone, langt upp
i Aari men godt ved Magt; Baard, Son sin, hadde ho
med seg. Og so var Jens Eide, Lensmannen, med ;
dertil Grannane paa Garden.
Daa me hadde gjort oss kjende med kvarandre og
var komne til Bords, gleid Samrøda inn paa dei gamle
Minni fraa Hove. Han Trond der nord kunde fortelja
ymist etter Farfar sin um han Gamle-Gunnar, og
endaa lenger upp, og um Bygde Tilstand i dei Tidir;
det eg serleg lagde Merke til var, at dei gamle hadde
vori so lite glade i 1814; „fyrr hadde me vaare eigne
Kongar," sa dei, „men daa kom me under Sverig."
Og ikkje minst høyrde me Ungfolke etter, daa Paal
og Syster hans kom inn-paa si Barndoms og Ungdoms
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0490.html