Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HEIMKOMIN SON
479
Tid. Ymist som fyrr hev vori Skodde for meg vart
uppklaara no; Sogo hans Enok Hove høyrer ikkje til
deim som Folke kann fortelja.
Serskilt glade Barndomsdagar hev Borni hans Enok
ikkje havt. „Men Barndomen minnest ein gjerne,
korleis han er," sagde Enkja; „det er so vel stelt, at
Borni liver sitt Liv; og dei kann liva det mest for seg
sjølve, naar so maa vera; det tunge og myrke fær
ikkje Tak paa oss i dei Aari." „Og i Ungdomen vert
det so mykje anna aa tenkje paa," lagde Jens til;
„etterkvart legg daa Minne seg svalande og sonande yvi
jamvel dei djupaste Saari." „Born og Ungdom veit,"
sagde Paal, „at etter Strid kjem Kvile og etter vondt
godt; jamvel det tyngste ber me i dei Aari lett; me
veit, at Gud er Faderen."
Mest fortalde Enkja um Mor deira, ho Anna Hove.
Endaa det skulde ikkje vera mykje aa fortelja etter
henne; stilt livde ho og gløymd er ho. Men det hev
vori ei av dei gode gamle, dette, ei av deim som
kunde bera tunge Dagar med rolegt Mod; no for Tidi
plar me skrike upp for mindre enn det ho hadde aa
staa i. Um Far sin hev Paal fyrr fortalt meg eitt og
anna som viser, at det ikkje hev vori berre Sjukdom
som braut den Mannen ned; det same fekk han no
fram endaa klaarare. „Men," lagde han til, „naar
Fag-nadbode hev vorti eit Rædslebod som skræmer Folk
ut i Ørske og Daude, so er me vel komne so langt
burt fraa Jesus som komande er."
Sidan fortalde Paal fraa si eigi Gardmanns-Tid. Og
han nemnde Grunnen til at han laut selja. „Eg trudde
eg aatte Jordi; og so var det meir og meir Jordi som
aatte meg; det vart daa berre ei Raad. Hadde eg set
det eg no ser: at jord-Eiging er Tull, so at i Røyndi
var eg ikkje Jordeigar, men berre jordbrukar for Ætti
mi, so hadde eg greidt meg, trur eg. Den Jordi eg
hadde for mykje kunde eg selt; men Ætteheimen skulde
eg haldi uppe; daa hadde eg visst au vori frelst fraa
32 — Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>