- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
480

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

480

HEIMK0A1IN SON

mitt eigi Livs Ulykke ... ja eg maa minnast Helga
i Kveld. Men eg fekk ikkje Tak paa dette i den Tidi;
og det verste av alt vondt hende. No fær eg vera
glad, at det som læt seg rette rettar seg. Og Einar
er sterkare enn eg. Han trur ikkje Jordi skal faa for
mykje Magt med honom."

„Det er andre Tidir no, Morbror," sagde Einar. „Ein
sit ikkje paa si Tuve trygg som dei gjorde fyrr; det
spyrst berre um ein kann klara seg so vidt at ein
heng; og daa gror ein ikkje fast til Jordi paa den
Maaten som De meiner." „Altfor lett losnar Folk
ifraa Jordi no," svara Paal; „og det er likso gali."
„Det er nok helst verre," sagde Lensmannen.

Minne um Gunnar kom upp; „det er vondt," sagde
Paal, „at han ikkje skulde faa vera med i Kveld. Men
sitt Odelsmanns Verk fekk han gjort; det er honom
me mest kann takke for, at Ætti fær att Heimen sin.
Og det takkar ikkje minst eg han fyri; di eldre me
vert, di meir skynar me kva Heim er; heimlaus Mann
er rotlaus. Det hadde han Gunnar au lært."

Um Live paa Garden i seinare Tidir fortalde
Grannane mest; og Enkja og dei unge hadde mangt aa
spyrja um. Bygde Høve og Tilstand vilde ikkje minst
Ragnhild hava Greide paa. Ho hadde høyrt ymist um
dei vakte her sør-etter; var det ikkje so, at Folke i
desse Bygdelag tok Verdi svært tungt? Lensmannen
og Paal lempa og forklaara det beste dei kunde. Men
at slike „gudsjuke" Tidir fører mykje uhugsamt med
seg, det læt seg ikkje neite; og det vedgjekk dei. Han
Trond, den eine av Grannane, og serskilt Kona hans,
er elles vakte, so det galdt aa vega Ordi vel; det
gjorde dei au. Paal trøysta Ragnhild med, at Folk tok til
aa høyre meir paa Meistaren sjølv no. „Og det ljosnar
der han fær Magti; for han lærer oss, at me skal ikkje
døme."

„Det er ventande," sagde Jens, „at i laake Tidir tek
Folk det tungt; men Tidine letnar, trur eg. Og daa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0492.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free