- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
481

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

481

veks Arbeidshugen; og den driv mange Sutir burt."
„Velstand er ei god Raad mot alt vondt," sagde Baard;
han drog paa Smilen.

Daa tok Trond og Kona hans til aa murre so smaatt.
Men Jens lempa Røda inn paa meir verdslege Ting, og
det hjelpte.

„Det tek til so smaatt aa besne med Tidine att, ja,"
sagde han; „det verste no er snart-sagt denne Naudi
paa Arbeidsfolk. Men det vert ei Raad med det au,
maa ein tru. Inn-paa By-Stykki tek dei meir og meir
til med Jordbruksmaskinar no; og det gjeng so godt
at Folk kjem til aa taka etter. Dei vert so billege og
lettvinne, desse Maskinane, at snart kven som helst
kann faa deim og brüka deim ; og dei smaae Gardane
kann slaa seg i Lag um deim, so vert dei au hjelpte.
Og lærer dertil det som me norske mest treng um aa
lære: Samhald og Samarbeid. Eg lika ikkje desse
Maskinane fyrr; men no trur eg me kann vente oss
mykje Hjelp av deim."

„Som det no er stelt," sagde Paal, „dreg
Maskinbruke inn-paa den Vegen som ein Gong maa føre til
Herregardar og Arbeidstrældom; og det er ikkje godt.
Men alt hev si Tid; og me fær tru at me slepp fraa
det paa ei Vis." Baard og Einar meinte at det fekk
bera kva Veg det kunde; Maskinar laut ein hava naar
her ikkje var Folk. Dette vart me samstelte um; „det
som maa til, det maa til", sa Ragnhild.

Fraa Bygdevilkaar bar det inn-paa Lands-Tilstand;
sterke Ord fall her. „Det er denne endelause
Politiken som legg allting øyde," sa Einar; „skulde det
ikkje snart kunna bli ein Ende paa den?" „Me fær
tru det," svara Lensmannen; „men det er visst ikkje
verdt aa vente paa det; me fær berre sjaa aa faa
Arbeide til aa vera det fyrste." „Ja kunde ein faa Folk
til aa skyna det!"

„Me fær slaa Politiken fraa oss alle som kann,"
meinte Baard. „Det vil nok turvast. For med Skam

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0493.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free