Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
482
HEIMK0A1IN SON
aa segja so er Sanningi den, at me hev ikkje noko
Jordbruk enno. Me hev livt av Sjøen og Skogen og
Fjellbeiti; det meste av Jordi ligg der. Berre
Tiande-parten av vaare tjuge Millionar Maal er skikkeleg i
Bruk; dei aatte Tiandepartane ligg reint udyrka. Jordi
læt me liggje og gro yvi med Myrgras og Lyng; men
20—30 000 av vaare beste Arbeidsfolk sender me kvart
Aar til Amerika; og kor mange det er som rømer til
Byane maa Vaarherre vita. Og ei veksande Mengd
av Folke hev Fatighjelp. Skuldi vaar nemner me ikkje,
helst; Riksskuld og Heradsskuld og Gardsskuld
kapp-veks. Ein og annan Pengemann paa den eine Sida og
ein veksande Hér av Fant paa den andre, det er det
me kallar Framgang; kva Veg det skal bera er ikkje
godt aa sjaa."
„Stend det so smaatt til," spurde fleire av oss.
„So smaatt stend det til," svara Baard. „Men anna
enn Politik vert det ikkje; Folk gjeng og drøser um
Svensken, og les Blad, og held Folkemøte og
Ungdoms-møte og syng Ja vi elsker; men nemner nokon Jord
og Arbeid og Velstand som maa vera Grunnen under
alt, so slær Folk seg til Ro med Drøymingum Statshjelp."
„Me fær vera glade me hev Amerika," sagde han
Svein der aust. „Her vert det kje anna enn Fant kor
mykje me slit; men der greider dei fleste seg, og det
reint godt. Eg hev alt tvo av mine der burte, eg for
min Part; og me skulde ynskje me var i Amerika heile
Huse; det er mykje betre Jord aa faa der enn her paa
rimelege Vilkaar. Og frie er Folk der burte; hev
korkje Embættsherrar eller Svenskar aa dragast med; og
ikkje tarv dei gaa si beste Tid burt med Eksis heller.
So me fær nok takke til at me hev Amerika, me
Smaa-folk daa."
Han Trond nikka. „No talar Folke," smilte
Lensmannen.
„Ja so talar Folke," sagde Baard; „og kven kann
undrast paa det?"
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>