- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
483

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

483

„Du hev Rett, Svein," tok Paal fram-i; „naar Vegane
stengjest heime, so trengst det Veg ut. Men det er ille
for oss, at so mange søkjer burt; og Skam er det, at
me dyrkar upp Amerika men læt vaare eigne Myrar liggie.
Du kann aldri segja for sterke Ord um det, Baard.

„Me fær tru," heldt han fram, „at det er eit
Millom-brøyte. Ei Skuletid som skal lære oss Broderlovi att,
so Lande paa nytt kann bli Heim for Folke.

„Mot Utvandring arbeider me paa beste Maaten naar
me skaffar Smaafolk Jord. Og det paa Vilkaar so dei
kann klara seg med Jordi. Staten kann ikkje det; vil den
kaupe Jord, so flyg Prisane upp; men ein Jordeigar kann,
naar han hev meir Jord enn han heilt-ut kann nytte."

„Det er vel faae som tykkjest hava meir Jord enn
dei treng sjølve," sagde Einar.

„Den som ikkje hev meir Jord enn han treng er
angerlaus," svara Paal. „Men mange hev Viddir
liggjande halvnytta som godt kunde føde sin Mann ; so
var det med meg i mi Gardmanns-Tid; Kvernhusheidi
laag der. Og di betre Jorbrukarar me vert, di
mindre Vidd treng me; Jordi er rik. Mykje rikare enn
me veit er Jordi. Og Guds Hjartelag er i ho; ho vil
gjeva av sin Rikdom. Di betre me steller ho, di meir
gjev ho; utrulegt gjev ho, naar ein steller ho rett. Det
veit dei forfarne, og lærer det meir og meir; reine
Eventyr kann ein lesa um den Ting fraa Land der
Folk hev drivi Jordbruk lengi. Me er nye i dette
Arbeide, me; men no kjem me vel etter. Me hev fengi
Skular som studerar Jordi liksom Lærdomsskulen
granskar Skriftine; og um Jordbruksskulane enno hev best
Greide paa Jordi i andre Land, so fær dei Greide paa
vaar au etterkvart; og paa vaare Arbeidsvilkaar. Og
kjenne jordi maa ain, skal ein stelle ho rett. Det er
med den som med anna Livende: vil ein pine og tvinge
noko ut av ho, fær ein inginting; men under kjærlege
og kunnige Hendar trivst ho og gjev meir og meir;
av den minste Flekk kann ein faa utrulege Avlingar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0495.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free