- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
485

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HEIMKOMIN SON

485

det er det han skal vera." „Men jordi vert
Samfunds-eign?" spurde Baard. „Jordi vert mi og di," svara
Jens; „men ho skal liggje under Samfundslov og ikkje
vera Spekulasjonsvare." „Ein vil ikkje kunna laane paa
Jordi daa?" „Nei; men so sit ein au paa si Tuve trygg;
og det vil vera noko anna enn aa vera Banktræl.

„Med Tidi kjem Tanken upp," heldt Jens fram;
„etterkvart som Jordverde stig, vert det meir og meir
urimelegt aa leggje Skatt baade til Samfunde og til
Grunnherrane. Og noko med det beste ved Tanken
er, at han vil gjera Arbeide skattefritt. Jord som ved
Samfundsvilkaar fær Ser-Verde, som By-grunnar, og
Grunnar for Verksdrift, like eins Grunn ved Hamnar,
frametter Vegar og Banur, og i tettgrendte Bygdir, —
det er den som kjem til aa bera Samfundsutgiftine ; i
Røyndi ber daa Samfunde sine Utgiftir sjølv, som ein
annan ærleg Mann. Men kvart Menneskje vil heilt og
fritt raade yvi alt det han tenar med sitt Arbeid."
„Skattane vert ikkje Arbeidsstraff lenger," skaut Paal
inn. Jens smilte: „so kann ein au segja." Paal heldt
fram: „han ber paa rett Leid, denne Tanken; og kann
han greide Samfundsfloken utan Krut og Dynamit, so
vil det au vera ein god Ting." —

— Etter Maten og „Røykjekvila" var me ute ein
Sving og saag paa Hus og Buskap og Stell; og
huglege Ord fall um, at Garden var komin godt i Drift
no. „Eg hev havt god Hjelp au," sagde Paal; „og
det vil eg segja, at du Haavard vert betre Gardmann
enn ventande skulde vera av ein Skulemeistar." „Det
er nok Styraren som fær taka Æra for Styringi,"
meinte eg; „men elles lærer me etterkvart, me
Skulemeistrar au; den verste Seminarist-Tidi er alt
yvi-stridd." „Som vel er, ja," sagde Lensmannen; „det
kjem fleire og fleire fraa Lærarskulane no, som hev
gløymt korkje Heime Skikk eller Heime Maal. Me
skal sjaa, at Heim og Skule kjem i Samarbeid att; og
daa vil mangt laga seg."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0497.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free