- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
488

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

488

HEIMK0A1IN SON

vert likso burtimot fritt som det norske; daa gjer Folki
sjølve Samfeste; og det vert der Meining i. For Fred vil
Folke hava, anten det bur austan eller vestan-um Kjølen."

Um dette samdest me; og Svein tagna.

— Mangt og mykje var me inne paa fram-etter
Kvelden, mest Bygdesogur og „ymist"; men eitt stort Emne
kom upp: dette som dei kallar Kvinne-Saki. Det var
den unge Kona som fekk den fram; ,me fær tenkje
paa Retten vaar, me Landskvende og," sagde ho; „det
gjeng ikkje alltid som det skal her heller." „Det vert
nok lengi fyrr alt gjeng som det skal," sagde Trond;
„men tru det er ikkje betre at Mann og Kvende hjelpest
aat som dei hev gjort, enn at dei skal til aa dragast og
stridast, dei au?" „Dei held best ihop," meinte
Ragnhild, „naar alt er greidt og klaart millom deim."

„Ja alt som læt seg greide maa vera greidt," sagde
Paal; „nok av ugreidt vert der endaa. Og kvar den
Ting som ikkje er greidd kann naarsomhelst gjera
Ugreide." „Ja er det kje sant?" ropa Ragnhild; ho
hadde knapt venta Hjelp fraa den Kanten i den
Sak. „Der kann vera noko i det," svara Enkja; ho
smilte. „Var me so vise som me vil vera, me
Mannfolk," heldt Paal fram, „so gav me Syster vaar jamgod
Rett med oss sjølve fyrr ho bad um det; so vart det
ingin Strid. Men i sjølve Ægteskape kann
Kjærleiks-böde bli gløymt; altfor ofte er det berre seg sjølv ein
elskar i den andre." „Det er visst best." meinte Trond,
„aa halde seg til det Bode som den høgste
Lovgjevaren gav, at Kvinna skal vera Mannen undergjevi."
„Ja han visste det best," sukka Kona hans. „Ein stor
Meistar," smilte Paal, „hev gjevi oss ei Husraad som
me i alle Tilfelle bør fylgje: som de vil at andre skal
vera mot dykk, so skal og de vera mot deim. Det er
den beste Lovi for Ægtefolk au, tenkjer eg. Du talar
um Strid, du Trond; all Strid i denne Verdi kjem av,
at me krev Rett meir enn me gjev Rett. Liver me
etter Jesu Lov, so vert det ikkje Spursmaal um slikt;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0500.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free