Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dagane. Han minntest kor vent det kunde vera stundom,
meir daa enn no, med Solsteik og lang Blaaning og
varmt i Bakkane. Og det anga so godt av Blomar og
Høy. Og Viba skreik og Raudstelken slog, og
Aaker-høna riksa i Engine, naar dei stundom møttest i svale
Kveldstundir ... Tull og Tøv og forargeleg Synd; men
endaa fylgde det som ei Sorg med det.
Jamenn strauk Nils upp med den gamle Springaren
... nett den som Enok og Kjistina hadde dansa paa
Ramstad for tjuge Aar sidan. Enok reiste seg og gjekk
ut, vilde «lufte seg eitgrand»; stansa fyrst i Gangen og
saag paa Dansen; gjekk so ut i Bislage. Der stod han
og lydde paa Fela lengi.
Kunde der vera so mykje Synd i Fela, tru? — Nei,
som han Nils strauk upp. Det oma og ljoma gjenom
heile Huse. Og dei stræva og dansa som dei skulde
staa paa Laaven. Karane hadde endaa kasta Trøya;
Gjentune var so varme og raude at det skein av deim.
Narreverk, Djevelskap; danse paa ein Avgrunn ...
Folk dreiv ut og inn; Svall og Laatt og Song og Sus
kor ein snudde seg. Ein Sjøgut fraa Byn hadde ei ny
Vise, som alle skulde lære; det var um ei Jomfru burti
Engeland; ho var so fælande rik:
«Hendes I—ndtægter om Aa—ret
seks hundrede tusinde var ..
So var det ein Matros som fridde og ho hadde kje
meir Vit enn ho vilde hava’n; men dette brydde kje
Faren seg um, som rimelegt var, og det vart svært til
Ugreide. Men so tok denne Matrosen Mod til seg og
tala beint ut til Rikingen; det var gali aa tru paa Gods
og Gull; han fekk alltid nok for sin Part; det jordiske
var kje noko aa lite paa; han fekk kje noko med seg
av det kor som var —;
23
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>