- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
37

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dør... fekk kje Magt med seg sjølv att, fyrr han var
komin so langt heim at han saag Bøane.

Der fekk han med ein Gong slik ein inderleg Lengt
etter Gud. Som eit Barn, naar det er ute aaleine, og
hev misst Vegen, og Mykre feil, og det gjev upp alt og
berre græt, græt etter han Far, — soleis vart alt i Verdi
Myrkr og Fælske, og Sjæli hans grét, grét etter Gud,
etter han Far der uppe i Himilen. Han lagde seg paa
Kne attum eit Gjerde: «aa eg er so sorgfull, for eg ikkje
fær koma til deg. Aa kjære, opna di Naadedør, at eg
kann sleppa inn og faa Fred... og Forladelse for alle
mine Syndir. Aa kjære ver god med meg, og lat meg
kje staa for lengi utanfyri. Du ser eg er veik; gløym
alt det vonde eg hev gjort, og lat meg faa sleppa inn;
aa kjære Herre Jesus!» —

Han vart rolegare og gjekk heim. Men noko Svar
fraa Gud fekk han ikkje.

VL

Det var i Dag, dei skulde bera han Napolon.

Vére var stormande og tungt, halvt Vinter og halvt
Haust; men endaa støla Folk til Likferdsgarden fraa
alle Kantar. Han Napolon hadde vori vida kjend. Og
alle totte dei maatte ha set han.

Kannhende vilde dei og gjerne vita han vel av Garde.
Han hadde tyngt som ei Rædsle yvi Bygdi i denne Tid.
Det vilde liksom lette aa faa han gøymd; det som var i
Kyrkjegarden var or Vegen.

Enok hadde tenkt aa ikkje vera med. Han var rædd
det skulde gange for hardt innpaa han. Vera med og
halde Gjestebod for ein usæl Mann totte han og var fælt.
Men daa Likferdsdagen kom, skifte han Tankar.

Det kunde just høve for han no aa gange av aa sjaa,

37

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free