Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Tvo Dagar etter kom Tomas og Gunhild med
Carolus Magnus.
Det var ein litin mager og mjaa ein, med smaae myrke,
urolege Augo og snare, snøgge Rørslur, lett og lealaus
som ein Hallingmann. Naar han gjekk, saag det ut som
der ikkje var Vegt i han; han kunde kje fylgjast med
Foreldri sine; dei gjekk for smaatt for han. Men i det
vesle runde brune Andlite var der, naar det galdt paa,
eit Aalvor og ei Høgtid so ein kunde læ; det var
Fante-Tomas sjølv, berre mindre. Og slik ein vaksin og klok
Maate hadde han til aa tala og føre seg paa, at ho Anna
mest vart bljug for han. Han var so reint annarleis
enn andre Born. Men frisk maatte han vera. Ein kunde
sjaa at han var vaksin upp ute som ein Fugl eller eit
Dyr; mange Ættlédirs Sol og Luft hadde brygt hans
Blod; han var kvik som ein Oter. Jamsides Carolus saag
Gunnar helst bleik ut, endaa han var førare og fastare.
Høgtidsleg helsa han paa Anna, si «nye Mor»; han
skulde «med Guds Hjelp stella seg slik, at ho ikkje
skulde trega sin Godvilje mot han». Fante-Arti,
Fante-Arti; denne søte Munnen og glatte Tunga; — Anna
vreid seg for aa taka han i Handi og segja «velkomin
hit». Og uff; for ei liti blaut, veik Jomfruhand.
Ikkje mindre høgtidsleg helsa Carolus paa den nye
«Far» sin. Han kunde med Sanning segja at Viljen
hans var god; «og so fær De heller bera yvi med meg,
um eg ikkje evler so mykje enno». — «Kann du læra aa
søkja Herren i din Ungdom, Carolus, og beda til han,
so greider nok det andre seg,» svara Enok.
So tala Fante-Tomas, og tilslutt ho Gunhild.
Endelause Fyriteljingar for Guten og endelaus Ros yvi desse
«fromme og velborne Folk» ... Mæli skreik seg upp,
so ein helst vilde halde seg for Øyro. Dei smaae Augo
glyrde og stakk. Um Munnen laag Fantedrage heile
93
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>