Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ho laut klaga til Olsen. Det var reint rart, so vill som
han hadde vorti.
Elles gjekk det godt. Olsen var glup til aa halde
Skule, naar han hadde dei gode Ridine; han fekk Liv i
Borni, og dei fylgde med. Streng var han ikkje; dei
fekk røde og læ og sitja som dei vilde mest; sjølv spanta
han att og fram paa Golve og berre liksom tala med
deim. Men skyna han at dei vart leide, so jaga han
deim ut; «no duger de kje til anna enn til aa slaa
Tribonius,» sa han.
Enok hadde aat han for denne Maaten hans; det var
gali aa halde so lite Tukt, meinte han. Borni lika det
nok; men just det var eit vondt Merke; ein skulde agte
seg for det som var gildt for Kjøt og Blod. «Eg brukar
m i n Metode,» sa Olsen.
Men um Kveldane heldt han seg paa Garden, helst
hjaa han Helge, der det stundom var ein Dram aa faa.
Og fekk han ein Dram eller tvo, so «preika» han. Og
Folk samla seg og hadde Moro av dette. Men vart han
drukkin, fortalde han sine «Oplevelser»; det var der
ingin som skyna seg paa. Daa vart Olsen vond. Eller
han sukka og vart hugtung. «Man tænke sig: her staar
jeg, Norges største Digter, — og i hvilke Omgivelser!
Ah, quelle vie, quelle vie, ah! voici un mdlheureux!» —
og anna Javl, som skulde vera Franskt, lét han um.
Daa Laurdagen kom, slutta han Klokka tolv og strauk
paa Bygdi.
Han kom kje att fyrr dei hadde eti til Kvelds. Og
daa var han svært høgtidsam.
«Tak, ikke Mad.» Stakkar; i Kveld tala han Bymaal.
Han gjekk paa Golve med svingande Faktir og store
Stig, og kremta og kremta som han vilde segja noko.
So lagde han Armane yvi Bringa og stelte seg upp.
laate um: «lade sig forlyde med».
115
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>