Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
58 HAUGTUSSA
65
„Kor gjeng det Veslemøy, arme Ting,
som renne maa alle Berg i Kring?" —
spyrr ho Mor.
Aa visste du, kor eg lengtar her,
du Mor! —
Den brune Heidi, den fekk eg kjær,
du Mor!
Her gjeng eg ør millom aude Fjell
og græt meg i Svevn kvar einaste Kveld
aa du Mor!
Og alt er framandt og nytt og vondt,
du Mor!
det stirer kaldøygt ikring meg rundt,
du Mor.
Her er kje Liv som eg fritt kann tru;
og ingin einaste er som du, —
du mi Mor!
Aa tru den Tidi fekk rundt seg snutt,
du Mor!
Eg reknar Time og kvar Minutt,
du Mor!
Aa kunde eg stige med Sjumils-Stlg
og sitja ei ørliti Stund hjaa deg,
du mi Mor! —
Blaabær-Lid.
Nei sjaa kor det blaanar her!
No maa me roe oss, Kyra!
Aa nei, slike fine Bær;
og dei som det berre kryr a’!
Nei Maken hev eg kje set!
Sümt godt her er daa til Fjells.
No vil eg eta meg mett;
her vil me vera til Kvelds!
5 — Garborg. V.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>